søndag 3. februar 2013

Folk ein ikkje kjenner




eg veit om mange kjekke folk
eg ikkje kjenner så godt

synd i grunn

at ein ikkje er meir saman med 
dei ein ikkje kjenner så godt

tenk på alt ein går glipp av

samstundes er det vanskeleg å vere ofte 
saman med folk ein ikkje kjenner

då blir ein jo kjend med dei
Dette vart litt todelt på ein måte. For eg tenkte det skulle handla om at det er mange fine folk eg godt kunne tenkt meg å vore meir saman med, men så kjenner eg dei ikkje så godt at det er naturleg å invitera dei på besøk eller berre stikka innom. I alle fall ikkje naturleg for meg, eg brukar ei stund på å tora slike ting. For eg tenkjer dei sikkert ikkje vil vera med meg. Berre dumt sikkert, men det var denne sjølvtilliten som eg må jobba med ja... Dessuten inviterer eg knapt dei eg kjenner på besøk, det er jo alltid eit eller anna born som blir sjukt, eller eit hus som "berre nett" må ryddast fyrst.

Uansett så tok diktet litt sin eigen veg. Men poenget var altså ikkje at eg ikkje vil bli kjend med folk. Berre at det er litt skummelt. Og tek tid. Og sånn språkleg sett: kan ein vera ofte saman med "folk ein ikkje kjenner"? I alle fall ikkje om det er dei same folka då... 

Litt surrete i hovudet i dag, men håpar de hang med på dette. To dikt på tre dagar er vel ikkje verst etter denne tørkeperioden? 

6 kommentarer:

  1. Du er i siget igjen :-)

    Tankevekkande ja..
    Hadde eg berre hatt meir tid til dei eg kjenner..
    Og så var det alle dei eg skulle ynskje eg kjende då.. Akk ja!

    Nattaklem

    SvarSlett
  2. Jeg liker dette kjempegodt. Og vet akkurat hva du mener.
    Så fint å høre fra deg igjen!
    Klem fra sør
    :-)

    SvarSlett
  3. Fint !!
    Det ligg mykje i dette diktet.
    Til ettertanke.

    Ynskjer deg ei fin veke.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Om diktet tok litt sin eigen veg, ja så tok det rette vegen. Fint synes eg :-)

    SvarSlett