lørdag 7. juli 2012

Heller det



kvifor vassa åleine i fjæra 
i kaldt vatn
når ein kan fyka til vers 
i trygge hender?



Guten vår likar godt å bada inne i badekaret og i plaskebasseng i hagen. Men han skjønar ikkje heilt kvifor me absolutt må dra han med ned til den kalde fjorden... Og me har i grunn ikkje noko behov for å tvinga han uti heller, kjekkare å vera med på ein fyketur over vannflata enn å hyla og frysa på tærne;) Herdinga får me ta seinare... 

I dag har me vore til frisøren med han for fyrste gong. Det var eit kapittel for seg sjølv, og inneheld mykje av dei same ansiktsuttrykka og lydane som kaldt vatn medfører... Fekk no stussa luggen og klipt litt opp i nakken, med god hjelp av brannmann Sam på dvd og eit mammafang å sitja på. Etterpå sendte eg mannen rett av garde for å kjøpa sånn klebrig klesrulle, for den frisørkappa var jo litt skummel.. Jaja, ei erfaring rikare, og litt hår fattigare er me jo ;)

9 kommentarer:

  1. Nei, kvifor tvinge den *stakkars* ungen ut i det kalde vatnet!? Eg bada mykje då eg var liten, men i dag skal det jammen vere tropetemperatur før nokon klarar å lokke meg uti...
    Fortsatt god helg til deg!

    SvarSlett
  2. Eg skjønar han så godt ;-) Kos dykk mykje i finaværet, med eller utan kaldt vatn! Skulle godt å vore nede i fjæra i dag sjølv, men no ventar Viljar (og vår) sin aller første bornebursdag med sju ungar, tjohei!

    SvarSlett
  3. Elskar den vesle serien dei to bileta dannar saman <3

    SvarSlett
  4. Ikkje nødvendig å tvinge. Lysta til å bade i sjøen, og ha på frisørkappa, kjem nok.
    God sommar til deg!

    SvarSlett
  5. Jeg ble helt satt ut av bildene her jeg. Rett og slett nydlige og rørende :) Så skjønt med små armer som strekkes mot noen store. Kjempefint alt sammen - i dag, som alltid. Og hårklipp, ja..vi har en 2åring som har en sterkt behov for en klipp nå, for å si det mildt, men jeg har klippet ham enn så lenge..nå får jeg det ikke helt til lenger, så snart blir det frisør...jeg gruer...men kanskje er det lurt med både film og et mammafang, ja...mm...sånn må det bli. Ønsker deg en fin kveld videre. klem :) (og takk for skjønn kommentar hos meg i siste innlegg, satt stor pris på det!!)

    SvarSlett
  6. Hurra for eigne meiningar og trygge pappahende! :OD Ej gler mej t å sjå den fiiiine familien igjen når d passe sej slik! Håpe dagane e nydelege!

    SvarSlett
  7. Fine gutten må få ha sine egne meninger. Skjønner han godt, jeg! God sommer til deg! Fra meg!

    SvarSlett
  8. Nydelige bilder, elsker det der hendene strekkes opp - så uttrykksfult:)

    Jeg er helt enig med guten din, badinga kan foregå der man kan regulere temperaturen!
    Og hårklippen, den har vi tatt selv etter oppfordring fra frisøren...;)

    Håper du og dine har hatt ei god helg,
    og at uken som kommer blir bra.
    Varm klem
    Hanne:)

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.