tirsdag 6. mars 2012

Skodda


famlande
i skodda

av ventande
gjeremål

motstridande
forventningar

treng ein stundom
ta ein pause

for å stikka
hovudet over

skoddehavet
mot sola

og hugsa det fine
som ventar

når skodda
lettnar
Litt hastverksdikt dette,  men var nødt til å formulera nokon velvalde ord til det stilige biletet;)

Føler eg har vore i det ettertenksame hjørnet lenge no, og det gjenspeglar seg i det som dukkar opp på skjermen når eg set meg ned for å skriva. Men håpar de ikkje blir lei likevel... :) Tusen takk for god respons på forrige dikt! Tydeleg at det er fleire enn jenta mi (og meg) som synest det er heilt greitt å vere litt åleine innimellom. Whitebite skreiv det så fint her.

15 meiningar om dette:

  1. Vakkert bilde, ja- og ordene dine holder lett følge :)

    Apropo forrige innlegget ditt:
    Leste først inne hos WB, og tenkte at det var gode tanker om det å trenge litt tid alene, og da jeg så leste diktet ditt etterpå, syntes jeg det også var så dekkende og bra. Alenetid kan absolutt være kvalitetstid, ja! Og jeg synes det er viktig å si det- og se det! (Likte forresten veldig godt bildet til det diktet også).

    Fin kveld til deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fine ord:) WB og eg tenkjer visst ganske ofte likt, ja. Og er litt kloke innimellom;)

      Slett
  2. Lika skodda litt eg! Men ikkje kjekk å gå seg bort i! Det er vel her som på andre områder - det er verdt å løfta augene og sondere terrenget innimellom! ;-)
    Tok du det herlige bildet i helga? Tenkte faktisk på deg då eg stod på altanen heime hos mammo og pappen for å foreviga tåka som kom inn. Tenkte at slik du bur kom du nok over skodda og fekk nyta "teppet". :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tok det sist fredag ja:) Artig at du tenkte på meg då! Var inni skodda litt tidlegare, men så la ho seg lenger ned, og eg fekk nyta synet!

      Slett
  3. Vakkert bilde!

    Og diktet ditt traff meg, jeg jobber med et prosjekt som er i sluttfasen og alle trådene skal knyttes. Føles litt som at skodda har gått ned her. Må strekke meg mot sola tror jeg, og se frem til målet:)

    Takk for disse orda Kristin, i kveld trengte jeg de.
    Klem til deg:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at diktet traff, då var det kanskje til deg då:) Her går skodda ofte ned, då er det greitt å vita at ho lettnar att til slutt! Klem

      Slett
  4. Flott dikt!
    Ha en fin dag :)
    KLæm

    SvarSlett
  5. Veldig fint dikt som beskriver noe som jeg iallfall synes er kjent :-)
    Ha fin dag..ute av skodda,håper jeg.
    Klem

    SvarSlett
  6. Ja, slik er det. Skodda sig ned av og til, og ein befinn seg i tåkeheimen, på mange måtar ;)

    SvarSlett
  7. Jeg syns alltid du skriver så treffende og gjenkjennende. Tusen takk :))

    SvarSlett
  8. Nydelig dikt! I går var eg ute og flaug, Ålesund-Oslo-Oslo-Bergen, og gjett korleis det var? Dritver og skodde/snøver, men så kom vi plutsleg over skydekket, og der skein sola og det var blå himmel med eit mjukt skylag under oss som bada i eit vakkert lysskin, rett og slett nydeleg! Sola skin alltid bak skyene, ein må berre vere litt tolmodig og la vinden(/flyet) føre ein gjennom skoddehavet, for det synet som ventar ein, det er verdt det(som oftast i alle fall) ;)

    SvarSlett
  9. Godt skreve, igjen...

    klem

    SvarSlett
  10. Dette her var rørende!♥ Du skriver veldig følsomme og vakre dikt ♥ Fortsett med dette! Du er et naturtalent! ♥
    Skal bruke dette diktet om skodda i et påskekort til Mamma ♥ Det hadde så mange fine ord og betydninger, og i tillegg dette fine bildet, veldig fint! ♥
    - Jente 12 år

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for gode ord!! Nett no føler eg at eg ikkje får til å skriva så bra, så då hjelper det ekstra på motivasjonen å få slike fine kommentarar:) Så kjekt du vil bruka diktet i kortet til mora di! Ha ei god påske vidare:)

      Slett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.