tirsdag 14. februar 2012

God venninne

ein ting er at du hjelper til
når me veldig ofte treng det
og alltid med eit smil

eller at du er ein god lyttar
som verkeleg bryr deg
og kjem med lure råd

men tenk at du faktisk slepp inn
utan at eg kjenner eg må unnskylda
alt rotet i stova mi

og at eg ikkje får dårleg samvit
når eg gløymer svara på meldinga di
for eg veit du ikkje blir sur

då 
er me gode venniner
Feirar valentinsdagen med dikt til ei god og snill venninne som nett hadde bursdag! Ei eg slappar heilt av med, og som eg kan vera meg sjølv saman med. Har faktisk ein del slike gode venninner, men ikkje alle eg ser så ofte, diverre. Men ho her er flink til å invitera seg sjølv, og det likar eg veldig godt, for eg er superdårleg til å invitera folk... Så, gratulera med overstått M:)

(Når ein er gift, og har vore det ei stund, er det begrensa kor mykje ein bryr seg om slike valentinsdagar... Det er då ein byrjar å snakka om at det berre er kommers...;) Eller? Om de absolutt vil lesa eit kjærleiksdikt, finn de blant anna eit her.)

20 kommentarer:

  1. Akkurat sånn er det! De aller beste vennene trenger man ikke be om unnskyldning for rotet sitt. Man kan møte dem med et smil og ønske dem hjertelig velkommen inn :)

    Valentinsdag?? Hadde jeg fått valentinsgave så hadde temperaturmåleren dukka opp sporenstreks for å sjekke at feberen til far i huset ikke hadde bikka 40 grader.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hihi! Nei, ikkje verdt at dei skremer oss med gåver;)

      Slett
  2. Jeg kjenner at slike venninner er livsnødvendig. Slike som får skuldrene til å senke seg, og der både latteren og alvoret sitter løst. Det å skape slike rom sammen er verdifullt! Det er gull verdt å ta vare på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heilt sant! Trur ein er avhengig av at den eine er flink å ta kontakt, og det er ikkje så ofte eg er det, dessverre. Ein har liksom så mykje som skjer, men tenkjer ein etter, er det alltid rom for ei venninne i sofaen:)

      Slett
  3. Så heldig din venninne er som har deg i livet sitt! Og så heldig du er som har henne! :) God venner vokser ikke på trær, de er nokså sjeldne faktisk. Og det er noe å glede seg over på denne alle-hjerters-dag :) ha en strålende kveld videre, søte du! klem

    SvarSlett
  4. Flott dikt til ei som høres bare god ut.
    Det er fint å ha sånne mennesker rundt seg,
    som man kan slappe av rundt og bare være seg selv.

    Valentinsdagen kommer og går som alle andre dager hos oss også. Nå hadde vi merkedag forige uke, så det står faktisk hvite roser med røde hjerter i på stuebordet mitt. Litt koselig da, men jeg liker blomster hver dag jeg og blir ekstra glad når jeg får "bare fordi" og ikke fordi handelstanden har sagt at jeg vil ha det.
    R jobber forresten på urmaker/gullsmed og har hatt en ekstra travel dag i dag;-)

    Klem til deg,
    Hanne:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, tenkjer han hadde det travelt ja.. :) Blomar "berre fordi" likar eg også. Hadde det berre skjedd.. ;)

      Slett
  5. Så fint dikt og for eit flott vennskap!

    Valentinsklem ♥

    SvarSlett
  6. Ja, det er slikbdet skal vere med gode venninner, at ein kan vere som ein er.

    SvarSlett
  7. Ja, slik bør ei god venninne være...Jeg er også fæl til å glemme å svare på meldinger, i allefall så raskt som andre synes jeg bør svare... ;-)

    SvarSlett
  8. Nydleg dikt til ei kjær venninne - Det er viktig å ta vare på slike funn - så lett for at tida med småborn lett kan føre til at ein misser kontakta. Og då kan det vere vanskeleg å finna den att.
    Klem

    SvarSlett
  9. Så koseleg dikt :)

    Forresten så treng ein ikkje å vera godt gift for å synast at valentinsdagen er kommers :) Eg og Ole har aldri feira valentinsdagen! Eg synst det er mykje koselegare å gjere noko fint ilag eller gje noko fint til den andre på ein heilt vanlig dag, og ikkje berre på spesielle dagar der ein "må" finne på noko - det tell liksom meir på vanlege dagar, og ein sett mykje meir pris på det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt sant Kristina:) Det er berre å koma på det. De er flinke som klarar det! Eg bør vel kanskje snart snika meg til å treffa den berømte Ole, forresten;)

      Slett
  10. Utruleg koseleg dikt. Gode venninner lyt ein ta godt vare på, dei finn enn ikkje så ofte :)

    SvarSlett
  11. Fine venninner som det, trenger man :) (jeg er også heldig å ha flere sånne)

    SvarSlett
  12. Ej føle mej truffa! <3 <3 <3

    SvarSlett
  13. Så fint dikt og fine tanker rundt en god venninne!Det er gull verdt å ha sånne venner og også å være en sånn venn for noen.

    SvarSlett
  14. Jepp- den ultimate vennetest er å ikke ofre rot eller bevertning en eneste bekymret tanke!! ;)

    SvarSlett
  15. Fint dikt.

    Takk for at du delte.

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.