når du har eit problem
vil du då innta ei gift som anten...
får deg til å fortelja om det til alt og alle?
får deg til å stengja det inne og heller dansa på bordet?
eller i verste fall
får deg til å løysa det med vald?
eller vil du løysa det
klartenkt
konsentrert
gjennom samtalar med nokon som kan hjelpa?
Rar?
sjanglande, ustø
med blankt blikk
spør du kvifor
eg ikkje drikk
som om det er
eg som er rar
Eg likar best å skriva dikt som er gode for andre å lesa. Og eg forstår at dette kan svi hjå mange. Ikkje ta det personleg, folkens! Eg er glad i deko alle:) Likevel føler eg at eg skyldar ein som eg kjende, å ta det opp. Dette må forresten vera det fjerde innlegget eg skriv om temaet. Dei forrige turte eg aldri publisera. Har berre eit par venninner som eg veit er avhalds, og reknar med statistikken er mot meg elles også, dei aller aller fleste drikk alkohol...
Men hjernen min er litt for logisk til at eg finn gode grunnar til å drikka. Det med at alle andre gjer det, er ikkje noko haldbart argument, men irriterande nok, det veit de som er foreldre. Og så har ein det sikkert kjekt. Om ein hugsar det dagen etter, er ikkje så nøye? Og raudvin skal visst vera godt for hjartet? Men eg har aldri drukke alkohol, og har hatt det kjekt likevel. Og hjartet mitt funkar fint. Trur eg;) Argumentet om at det smakar godt, synest eg det nesten er det beste. Men likevel, det finst mykje anna som også smakar godt. Eg heldt ein knapp på cola eg...
Så er det alle grunnane til å ikkje drikka. Eg tenkjer på pengane ein drikk opp, eg tenkjer at alkohol er gift for kroppen, eg tenkjer på alle personar og familiar som er øydelagde av alkohol, eg tenkjer på fyllekøyring som har enda fatalt, eg tenkjer på personar eg kjenner som døyvde problema sine med alkohol så lenge at då dei endeleg møtte problema i edru tilstand, var det for seint. For ikkje å snakka om det faktum at ca 70-80 prosent av alle oppdaga valdsepisodar i landet, har hendt medan gjerningsmann eller offeret var i alkoholrus. Eg veit ikkje om dette gjeld valdtekter også, men i fylgje denne artikkelen var i alle fall to av tre jenter som vart valdtekne i Oslo i 2010, påverka av alkohol. (Og, hald dykk fast folkens, for eit heilt ferskt forskningsresultat: alkohol aukar faren for å ha ubeskytta sex!)
No tenkjer du kanskje at dette gjeld dei andre som drikk. Du køyrer ikkje i fylla, og er anstendig nok til å stoppa ved tredje glaset medan du har nokolunne grensene i behald. Eller kanskje du synest det er greitt utan grenser;) Men eg synest i grunn det i alle fall er ein fin tanke, om ein kan la vere å drikka, eller i alle fall begrensa seg, i solidaritet med dei mange som faktisk ikkje bør innta alkohol. Dei som blir aggresive i fylla. Dei som lett blir avhengige. For borna som blir utrygge når dei ser foreldra endra seg etter nokon glas med alkoholdrikkar. Eller dei som har mista sine kjære på grunn av alkohol. Det er vanskeleg å vita kva ein skal gjera for dei som slit på grunn av alkohol, men det ein kan gjera, er jo å visa at det går an å leva eit fint liv utan?
Så kan ein jo seia: skal ein slutta å eta snop i solidaritet med dei som overspis og har lav forbrenning, eller dei med diabetes? Eg har i grunn ikkje lyst å svara på det spørsmålet. For eg er så glad i snop... Så ikkje ta meg då, eg latar ikkje som eg er moralens vaktar eller noko slikt (har sikkert mine svin på skogen eg også, men dei er i alle fall edru), berre luftar noko eg har tenkt på lenge. Ikkje for å plaga nokon, men kanskje for å finna ut om det berre er eg som er rar og tenkjer slik?
I staden for at det å vere med vener og ha det kjekt er synonymt med å drikka, kan ikkje ein finna på kjekke ting saman som ein faktisk kan gjennomføra i ståande tilstand og som ein hugsar etterpå som fine minne? Ein fjelltur, eit brettspel-kveld, eit gjørmebad, ein fisketur, ein tapaskveld? Det kan vel ikkje vere slik at ein er avhengig av den der evindelege flaska for å "vere seg sjølv og ha det kjekt" vel? Det er sikkert ikkje slik heller, det berre verkar litt slik av og til for kjedelege avhaldsfolk som meg. ;)
Veit i grunn ikkje heilt kvar eg vil med dette innlegget. For å ha det heilt klart, for siste gong: eg meiner ikkje å stilla meg over nokon andre, eller koma med peikefingeren. Men av og til føler eg meg unormal som er avhalds, og då får eg etter kvart litt behov for å forklara kvifor eg har vald dette. Dette var vel noko som berre "måtte ut". Kanskje det eg vil mest, er å treffa dei som eigentleg synest det er like greitt å vere edru, men som drikk på fest fordi det er vanleg "festkode". Og ein vil jo ikkje bli stempla som festbrems, gravid, eller (skrekk og gru!) kristen... (Det siste har i grunn ingenting å seia for om ein drikk eller ikkje, men mange har oppfatning av at det har ein samanheng.)
Om du ikkje vil drikka, men manglar argumenta, finn du mange (gode!) over. Og treng du ein god svarreplikk når nokon masar om at du skal drikka, får du eit lite utval her:
To muntre:
- Eg treng ikkje alkohol, eg klarar fint å dumma meg ut utan.
- Sorry, eg treng dei hjernecellene eg har.
(Alkoholbruk gjer at ein mistar hjerneceller. I alle fall over tid.)
To bankers:
(som kanskje bør vere sanne, elles kan du få forklaringsproblem i ettertid...)
- Eg er gravid.
- Eg køyrer.
To kvalitetsreplikkar på rim:
- Kven treng rus når ein har brus??
- Sprit? Det er jo arsenikk! Eg klarar meg med colakick...
To litt særiøse:
- Eg likar å ha kontroll over både hjernen og kroppen min sjølv...
-Eg likar å huska det eg gjer. Spesielt det som er kjekt.
Den lange
- Du, eg er faktisk eit fritt tenkjande menneske som har teke mitt eige val basert på fornuft og logikk. Kan du gje meg nokon tungtvegande argument for at eg skal innta alkoholhaldig drikke, kan eg kanskje revurdera beslutninga. Du har eitt minutt på deg.
Den barnslege:
- Fordi vel!
Den sinte:
- Det har ikkje du noko med!!!!!!!????!!
Lukke til:)
( Evt. SKÅL, om du har lest, ledd, og vil halda fram med ditt deilige drikkeliv...;) No har eg sagt mitt om saka, og skal ikkje masa meir om dette. Og inviter meg gjerne på ein fyllefest altså, har ikkje problem med det. Berre ikkje rekn med at de får sjå meg sjangla... )

Det må være lov å ha meninger, selv på koseblogger!
SvarSlettSynd det skal være så vanskelig å være mot alkohol.
Så du det programmet på Skavland hvor Benny Andersson(fra ABBA) og flere fortalte sterkt og personlig om sin alkoholisme og hvordan de var blitt tvunget til å ta et oppgjør med seg selv?
Jeg er oppvokst med avhold, men har i voksen alder bestemt meg for at jeg kan drikke et glass vin til maten i festlig lag. Det holder lenge for meg. Her hjemme serverer vi nesten aldri alkohol.
Det er ubehagelig med mennesker som ikke vet når de har fått nok, og utrolig mange triste ting har skjedd pga. alkoholbruk.
Oppløste hjem og redde, triste barn i julen fordi foreldrene ikke greier å holde seg edru.
Stå for din avholdslinje og ikke vær redd for å si hva du mener.
Problemet er hvordan man kan si fra til de som trenger det på en måte som gjør at de lytter og innser at de har et problem.
Støtte deg eg Kristin, men det visste du jo...:) Min erfaring er forresten at veldig mange syns det er ganske tøft vere avholds!
SvarSlettSyns det er heilt greit eg at du har dette standpunktet:-) Eg tek gjerne eit glas vin eller øl til maten når eg har lyst på det og fordi eg syns der er godt, andre gangar har eg meir lyst på brus og då drikk eg det.
SvarSlettEg tek avstand frå promillekøyring, vald og voldtekt og meiner at ein må ta hensyn til borna. Og så har eg stor respekt for dei som seier nei og heller vil ha brus/vatn til maten - dei treng ikkje forklare seg overfor meg. Vi er voksne frie menneske som kan tenkje sjølve og ta eigne val og då lyt me respektera kvarandre. Så stå på dine prinsipp og val kjære du og vær stolt av dine valg:-)) Klem
Digger det!!
SvarSlettSpeak out, girl :-)
GODT 2012 og stå på!!
Dette likte eg:-) folk må berre gjera so dei vil, men dra ikkje unga og andre uskuldige med på ferden. Eg er blant kategorien "begrensa inntak", verken flau eller stolt over da:-)
SvarSlettHei modige dame! Kjempefine argument og modig presentasjon av meiningar som går litt på tvers av det alment godtekne. Saka er at mange meiner som deg, men vågar ikkje å tona flagg, - og dessutan, kvifor skal ein nekta seg noko som ein likar, berre for å vera idealist? Bra formulerte tankar.., stå på og hald på det du meiner er rett!
SvarSlettTusen takk for gode tilbakemeldingar, no vart eg glad eg turte :)) Godt det er fleire som har eit fornuftig syn på alkohol, og heldt seg til "moderat bruk" :)
SvarSlettDet er altfor mange barn som lider på grunn av foreldrenes alkoholbruk, så flott at modige deg tør å skrive om dette! :)
SvarSlettAt alkohol fortsatt er mer akseptert og mer synlig enn tobakk synes jeg er rart. Men det er en annen debatt..
Ha en fin kveld!
Det er så mykje eg kunne ha skrive her som kommentar. Men eg skal halde meg til at eg er eining med deg.
SvarSlettOg kjempebra at du tek opp eit så viktig tema!!!
(ps. GODT NYTT ÅR!!! Eg har vore litt fråverande pga. Dagmar tok internetten våre i jula, så er litt seine nyttårshelsingar i år:P)
Jeg drikker sjelden, men er langt i fra en som må ha et glass vin til maten eller som bare kos om kvelden. Men jeg drikker på fest. Og jeg respekterer at folk er avhold, no problem. Men om denne avholdspersonen setter seg selv høyere og ser ned på de som tar seg et glass, da synes jeg det blir like feil som om den som drikker ser ned på den avholdne. Det er jo tross alt forskjell på å ta et glass vin og flatfyll.
SvarSlettJepp, du har eit viktig poeng Elisabeth, som eg kanskje ikkje har poengtert godt nok. Eg også syns det er stor skilnad på flatfyll og å ta eit glas vin no og då, kanskje eg skal skriva det inn i teksten så eg slepp at nokon tek ting ille opp :) Var det eg var redd for, at folk trur eg ser ned på dei som drikk, det er ikkje det eg gjer. Men eg vil heller ikkje at dei skal sjå ned på meg, difor forklarar eg mine grunnar til å vere avhalds :)
SvarSlettJeg tar ett glass vin en gang i blant, dvs, noen ganger kan det gå ett år eller to mellom :) Og jeg unngår å drikke mer enn det, har nemlig ikke sansen for fyll. Så det at du og andre vil ha brus eller annet, det er forståelig, og ditt/deres personlige valg. Ikke vanskelig å forstå for meg ;)
SvarSlettFantastisk godt reflektert! Du tar opp mange viktige poeng. Det å avstå fra alkohol er vel et veldig greit personlig valg i dagens samfunn? Selv om man innimellom må argumentere med folk man møter om sitt valg! Jeg synes det står respekt av det valget du har gjort.
SvarSlettSyns det er fint at du skriver dette! Argumentene dine for å la være å drikke, er kjente og gode. Hold på dem, du!
SvarSlettEg respekterer at det er ulike synspunkt på dette.
SvarSlettEg tek meg eit glas vin når eg har lyst på det. Det kan vere 3 gongar i veka, vekedagen spelar ingen rolle. Men det kan også gå fleire veker mellom kvar gong eg drikk vin. Full har eg ikkje vore sidan eg var 18. Kosar meg med vin, eg! Og eg likar ikkje brus ;) Eit glas øl er godt når det er varmt og eg eg tørst, men årevis sidan eg han drukke ei heil flaske.
Litt likør er også godt, men veldig lite. Det er veldig søtt.
Eg er gjerne den som berre drikk vatn, når eg ein veldig sjeldan gong, er ute på fest. Og eg greier godt å ha det moro, lell!
Konklusjonen er vel at det eg drikk, drikk eg fordi eg synst det godt!
Eg veit veldig godt korleis det er å seie nei til alkohol når du er 17-18 og alle vil ha deg med. Men eg er ikkje typen som drikk for å bli drita, eg har det kjekt med venner og nyter eit par glas fordi eg tykkjer det er godt. Og det er slik det skal vere! Alle drikk eller lar vere å drikke etter eiget ønske. Eg er veldig glad dei eg kjenner respekterer det fullt.
SvarSlettImponert! Syns du er tøff som skriver om dette og har så sterke meninger om det. Modig er du! *applauderer*
SvarSlettJoda, vi er i fåtall vi avholdsfolka, men vi finnes. Jeg er også en av dem og jeg pleier bruke den "lange" varianten av forklaring som du har nevnt her ;)
For min del handler heller ikke mitt syn på alkohol om det å være kristen, langt i fra. Det finnes, som du har nevnt, en hel del andre grunner til å droppe alkoholen. Jeg for min del får forøvrig til stadighet merkelige, skeptiske blikk når jeg (i et festlig lag) sier at jeg ikke drikker. Mange forstår ikke hvordan det da er mulig å dumme seg ut, tulle eller være på så vanvittig bra humør ;) hehe...På den annen side opplever jeg også å få mye respekt.
Og all respekt til deg for dette innlegget! Veldig bra :) klem fra Spirea
Så fint at du tørr si hva du mener om dette emnet. Jeg har også i lange perioder ikke drokket alkohol og har da opplevd at mange synes dette er veldig rart. Jeg koser meg nå gjerne med litt god vin til maten, men drikker aldrig mye. Jeg liker rett og slett ikke følelsen av å være beruset. Ha en flott dag videre.
SvarSlettJeg syns dette innlegget var så bra at jeg har linket til det i egen blogg. Håper det er ok :) (gi lyd hvis ikke...)
SvarSlettVær stolt av deg selv!
All respekt og forståelse for at du er avholds. Og enig i at det å drukne problemer i alkohol er noe av det dummeste en kan gjøre.
SvarSlettJeg drikker selv, men ikke ofte- ikke jevnlig, og aldri med barn tilstede.
Og synes det er greiest å stoppe mens man har kontroll...flott innlegg kristin!
Fine tanker omkring dette. Selv er jeg ikke avhold, men det er sjelden vi drikker alkohol hos oss. Synes for eksempel ikke det er greit å drikke når barna er tilstede :)
SvarSlettJeg ønsker deg et godt nyttår
Klem Tonje
Flott innlegg :-)
SvarSlettåååå, det skulle gått an å trykke LIKER maaange ganger i dag. Snakk om å treffe spikeren på hodet!! takk for gode grunner å servere folk når de spør hvorfor eg ikke drikker, begynner å bli lei av; "ehh... eg bare gjør det ikkje.."
SvarSlettEnkelt og greit: Kjempebra innlegg!
SvarSlettDet er flott at du skriver om dette,stå på!
Veldig godt skrive, Kristin!
SvarSlettEg er også ein av dei 'kjedelige' som ikkje drikk alkohol. Likar det rett og slett ikkje! Eg har prøvesmakt på litt forskjellig opp gjennom åra, men ein slurk er vanlegvis meir enn nok.
No lever eg godt som den 'kjedelige', og gidd ikkje bry meg så mykje om folk som rynkar på nasa av det. Litt sårande var det likevel i yngre dagar når alle andre vart bedt på heimefest.
Eg har ikkje noko imot folk som drikk, men 'alt med måte' gjeld her også. Og drikkepress er berre så barnslig teit.....
Stå ved ditt standpunkt, Kristin!
Enig!!
SvarSlettMen eg drikk. Litt.
Fordi det er godt.
Takk for støtta, det betyr mykje:)
SvarSlettTakk for endå fleire flotte dikt og gode tankar. Du er veldig flink å formulera deg, setja ord på ting som eg kjenner meg att i sjølv. Takk for at eg fekk lov å lesa av dine dikt på juletrefesten :-) Eg valde Julaftan 2011, Juletreet og Kjærleik og pakker. Reklamerte litt for boka di og bloggen din.
SvarSlettGler meg til fleire dikt og tankar.
Godt nyttår ynskjer eg deg og dine!
Takk for gode ord, Ragna:) Veldig kjekt du hadde lyst til å lesa dikta, og fann nokon som passa! Var litt låst den dagen og kom meg ikkje opp på fest, men håpar den vart bra!
SvarSlettHei du! Du er nok ikkje aleina om dette. Sjølv er eg vel omtrent nærmast avholds. Mykje fordi eg får sånn hoveverk av mykje av dei alkoholholdige drikkene. Men mest av alt heldt eg meg unna fordi eg liker å ha kontroll. Og ja eg kan jo berre ta eitt glas, men eg er like glad i brus/vatn el så koffør?? Og dessuten ELSKER eg snop og sjokolade, så då kan eg jo heller dekka den "usunne" delen med det! Då eg var yngre var det nok vanskeligare å seie nei og ikkje minst kvifor eg ikkje ville ha. No seier eg berre "nei eg e ikkje så glad i det, dessuten får eg hoveverk av det og då blir eg so sur" Og dei som kjenner meg vil ikkje ha meg sur!! Vert nokre støtte av at eg ikkje vil ha så er det deira problem. Dessuten så har eg det ofte like kjekt eller kjekkare enn påvirka folk når eg er på fest! Eg treng ikkje alkohol for å slappa av/ha det kjekt! Men eg treng SJOKOLADE!!! ;-)Kos deg med cola! Eg tek ein sjokolade! ;-)
SvarSlettEg syns det er flott at du seier kva du meiner om dette temaet, Kristin. Eg er ikkje avhalds, men veit godt at ein kan kosa seg vel' så mykje utan alkohol på fest, spesielt dagen derpå:) For min del har ikkje alkohol vore eit negativt ladd ord.. Trur det har noko med at familien min alltid har hatt eit sunt forhold till det. Men eg veit godt kva skade alkohol kan gjere med ein familie, og det er lite kjekt å tenkje på. Men det er heldigvis mange som har eit fornuftig forhold til fest og moro. Trur eg tilhøyrer den sistnemnte gruppa. Uansett, eg respektere alle for dei vala dei vel å ta:)) ps. Tek gjerne ein fest, men likar heimekos best!
SvarSlettDette var meininga eg skulle kommentere på dagen du skreiv det, men tida har heilt flydd i frå meg. Uansett, eg tykkjer det er kjempefint du skriv om det og seier meininga di! *applaus*
SvarSlettEg er avholds, eg og, og har tenkt å halde fram med det. Særs sidan eg har små. Det plagar ikkje meg om andre tek eit glas eller to, og eg vert gjerne med på fest, men når folk blir fulle takkar eg fint for meg og kjøyrar heim att :)