søndag 8. januar 2012

Grått




om alt er så grått
at du slit med å skilja
fjord og himmel frå skodda

er det framleis håp
du treng berre litt hjelp
til å finna kontrastane


I dag var ein grå dag, skoddeskyene skjulte fjella og spegla seg i fjorden, og alt verka gå i eitt. Så eg tok eit bilete for å visa det. Og trudde faktisk ikkje redigeringsprogrammet mitt skulle klara å få noko anna enn grått ut av det. Men den gong ei, så snart eg fann rette knappen, openberra det seg både himmel, skodde og fjord.

Og eg tenkte litt på at av og til er det vanskeleg å få auge på det ein vil. Men kanskje ein eigentleg berre treng nokon som veit kva knapp ein skal trykkja på, for å få eit skikkeleg overblikk? Metaforisk på ein sundag dette, men det passar kanskje? Redigerer kanskje meir på dette seinare, for veit ikkje heilt om eg fekk fram det eg tenkte.

Var ikkje noko særleg kreativ i dag, men las nett eit godt innlegg hjå Spirea med bloggen "Hjertespor". Så gå gjerne inn der i staden:)

9 kommentarer:

  1. Eg forstod godt kva du ville ha fram, og eg synes at du klarte å formidla det på ein fin måte. Skjørt og fint.

    Min dag vart strålande. Kunne vore grå den også, men eg valgte motbakker og i motbakke går det oppover veit du. Resultatet finn du på bloggen min om du vil kikke innom. :-)
    God ny veke til deg.

    SvarSlett
  2. Jeg synes dette var fint..og jeg er helt med på hav du mener :-)
    Ha fin søndagskveld

    SvarSlett
  3. Fine ord frå deg - av og til må ein ha litt hjelp når alt er grått...men etter regn kjem sol:-))

    Klemmer i massevis:-))

    SvarSlett
  4. Gode tanker dette:)
    Gråe dager handler jo mye om perspektiv,
    positiv forsterking er ikke bare tull.

    Håper du har en god kveld,
    og tusen takk til deg for alle dei fine orda du alltid legger igjen hos meg, det er en av mine kontrastknapper:)
    Varm klem:)

    SvarSlett
  5. Syns dette var et utrolig fint dikt, som ga meg mye! Tusen takk! Liker bloggen din så godt, jeg :)
    Også så herlig at du nevner bloggen min, da. Syns jo du var mer enn kreativ nok, jeg - men tusen takk for oppmerksomheten! :) Ønsker deg en fin uke. Klem :)

    SvarSlett
  6. Godt sagt og godt fanga..


    klem

    SvarSlett
  7. igjen, vakkert.
    det er de litt dypere diktene som treffer meg aller aller best..

    natta!

    SvarSlett
  8. Tykte det var ein veldig fin metafor, og det er akkurat slik det er og! Du klarte å setje ord på det.

    SvarSlett