lørdag 28. januar 2012

elev-lærar-kommunikasjon

du trur eg står her berre for at
eg vil kommandera
eg veit eg står her for eg ynskjer
hjelpa deg å læra

du trur at eg er streng fordi
eg ikkje likar deg
eg veit at eg er streng fordi
eg engasjerer meg

du trur eg ikkje bryr meg
om du gjer det heilt elendig
men eg vil gjera mitt
for at du skal bli meir sjølvstendig

og når du ser at eg blir sint
så er det kje` fordi
at eg blir desperat av
maset ditt om å få fri

det er fordi eg blir så skuffa
når du ei forstår:
det er for deg eg står her
 for dine framtidsår

 
Dette har ikkje bakgrunn i noko spesiell hending eller erfaring, men føler sånn generelt at lærarar slit med å få elevane til å skjøna at dei er der for elevane sin del. Det er ikkje for seg sjølv dei står ved tavla og deler av kunnskapen sin. Lærarane brukar mykje tid på for- og etterarbeid, men kan likevel oppleva at dei ikkje får gjennomført ting som dei har tenkt, for dei har ikkje elevane med på laget.

Har tenkt litt på dette, at undervisning/læringsarbeid eigentleg er lagarbeid. Målet er at elevane skal læra noko. Få kunnskapen dei treng for å bli sjølvstendige og dyktige i yrka dei vel. Om både lærar og elevar jobbar saman for å nå desse måla, vil det nok fungera betre.

Misforstå meg rett, eg veit det finst mange motiverte elevar. Men det er diverre også mange som ikkje er det. Eg forstår det jo. Spesielt på ungdomsskulen hender det mykje på ein gong, både i hovudet og kroppen elles, og på det sosiale planet. Men likevel, eg trur alle ville tjent på, og fått mykje kjekkare timar, om elevane klarte å engasjera seg litt meir i eigen læring. Eller?

16 kommentarer:

  1. Og så er det noen lærere som egentlig bryr seg døyten... Skal elever bli motiverte, så må de få sjansen til å teste ut det de virkelig har interesse av. Da tror jeg det blir forandringer...

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er vel dessverre slik, Ege. Men trur i alle fall storparten av lærarane har eit ynskje om å gjera det dei kan for elevane. Ein er ulike, og har ulik lærarstil. Så det kan jo vere vanskeleg for elevane å tilpassa seg dette. Har forståing for det, men likevel.. ;)

      Slett
  2. Kjempefint dikt..og jeg kjenner meg så inderlig godt igjen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt (men dumt) me er fleire som kjenner på dette, me han ein jobb å gjera.. :)

      Slett
  3. Trur eg må vise dette til 15 åringen. Han er så skulelei!

    SvarSlett
    Svar
    1. Bale då, men forstår det jo... Håpar han skjønar litt meir når han les dette:)

      Slett
  4. Så viktig det du skriv.. Klart enkelte berre har det som ein jobb. Men dei aller fleste ynskjer å verte lærar for å gjere noko for andre.. At dei likar å omgås små og store elevar. Ikkje enkelt motivere ein ungdom verken for lærarar eller foreldre.

    God helg klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, motivasjonen bør jo kome innanfrå... Men av og til treng ein nok hjelp utanfrå også:)

      Slett
  5. Dette passer i et mor-barn forhold også synes jeg. Jeg håper åtteåringen en gang skal skjønne hvorfor jeg er litt streng av og til, det er til hennes eget beste.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, håpar det same med sjuåringen min, skjønar heilt kva du meiner... Nesten lettare å vera streng på jobb enn heime. Men viktig å tenkja langsiktig heime også!

      Slett
  6. All respekt til engasjerte lærer!

    :)

    SvarSlett
  7. Respekt til deg som verkeleg vil og prøver. Flott dikt!!

    SvarSlett
  8. Flott dikt!
    ER ganske enig med Ege.
    Undervisningen må engasjere, kanskje inkludere elevene på en annen måte. Slik at de klarer holde oppmerksomhet og konsentrasjonen oppe!

    Men jeg er sikker på.
    at du er en dyktig en Kristin!

    SvarSlett
  9. såklart du har rett Kristin. Men skjønte jeg det sjøl da jeg gikk på ungdomsskolen? Nei. Beundrer de som orker være ungdomsskolelærer, det må være en av de tøffeste jobbene som fins.

    Men engasjerte lærere er bra, og det tror jeg også du er!

    SvarSlett
  10. Nydelig hyllest til de lærerne som virkelig er slik, og heldigvis er det en hel del av dem! :) Jeg syns mange lærere er fantastiske, og gjør en usedvanlig bra jobb - og spesielt dem som virkelig "ser" sine elever. De burde det være enda flere av!
    Flott innlegg :))

    SvarSlett
  11. Så flott skrevet :)
    Dette må jeg dele med mine lærere!

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.