fredag 8. juli 2011

berre tanken


berre tanken er nok

til at magen knyt seg
halsen tettar seg
tærne isnar og
hendene skjelv

så korleis nokon
kan klara seg
midt oppi den
verste tragedie?

umogleg å begripa
fælt å prøva fatta
tungt å tenkja på

og visste ein berre om
noko, ein ørliten ting
ei stor eller lita gjerning
som kunne lysna ei lita stund

ville ein gjort det på flekken
men det er vanskeleg
vil ikkje trenga oss på
redd for å gjera noko verre

men me bryr oss
av heile hjartet
så kanskje me
prøver likevel

sei berre nei
utan dårleg samvit
men treng de oss
ver så snill å seia ja

for me vil meir 
enn berre tanken
Eit dikt som har kome no i etterkant av helikopterulykka. Det er vanskeleg å vita korleis ein kan hjelpa menneske som er inne i ein sorgprosess. Spesielt under den djupe startfasen som ein skjønar er knalltøff. Men også etterpå. For kva skal ein gjera? Det ender ofte med at ein seier verbalt eller i melding: Sei frå om det er noko me kan gjera! Og eg veit av erfaring at det er godt å få slike meldingar. Ein treng jo eigentleg hjelp til alt! Men det er ikkje så lett å ta den telefonen og innrømma at på kjellarsgolvet ligg ein dunge med skitne klede som ein ikkje orkar tenka på. Eller at ein et pølser i brød til middag på tredje dagen.

Me oppplevde under vår tyngste sorgprosess i fjor at snille naboar dukka opp på døra med god middag heilt fiks ferdig. Då klarte me til og med å eta ein god del (matlysta er ikkje heilt på topp når ein sørgjer).  Og så kom gode venninner på besøk og hjalp oss med forefallande husarbeid. Fleire gongar. Det både varma og trengdest. Felles for desse var at dei ikkje venta på melding, men spurde rett ut. Skal eg gjera DET for deg? Eller DET? Og me lærte at det var lurt å seia ja. Og såg at dei andre faktisk syns det var godt å hjelpa til!

Eg har tidlegare skrive om dama bak bloggen Amelie78, som opplevde at den fullborne dottera si døydde i magen rett før fødselen. Ho brukar bloggen litt for å bearbeida sorg og tunge tankar. Og har lagt ut tre innlegg som ho har kalla "Å møte mennesker i sorg 1/2/3". Eg vil anbefala alle å lesa dei innlegga, sjølv om de kanskje ikkje nett no kjenner menneske som er i sorgprosessar. Det vil tidsnok skje, dessverre. Og så er det godt å ha konkrete råd å forhalda seg til! Innlegga les du   her(1),   her(2),   og her (3). Det siste er det mest konkrete.

11 kommentarer:

  1. Kjempefint, som vanlig. Det var en forferdelig ulykke :/

    SvarSlett
  2. Du setter vakre og dype ord på en vond opplevelse. Tenker på alle som er innvolvert!
    En god klem til deg og din!
    Anne Karin:)

    SvarSlett
  3. Takk for diktet - og takk for tipset! Ja, tenker ofte på hvordan man egentlig skal te seg i møte med andres sorg; man VIL jo så gjerne hjelpe... Nå skal jeg lese linkene dine :-)

    :-)

    SvarSlett
  4. For et nydelig dikt, nettopp slike tanker en har når noen kjente mister sine kjære...

    SvarSlett
  5. Tusen takk for gode kommentarar! Ja, trur mange tenkjer slik, og vil hjelpa, men slit med å vita kva ein skal gjera. Så tenkte at fleire enn eg kunne ha nytte av dei lenkjene! Sorg er ein vanskeleg, men også naturleg del av livet trur eg. Det tyder jo på at ein har gode minne om, og var veldig glad i personane ein saknar!

    SvarSlett
  6. takk for fint dikt. Og flott du henviser til Amelie78, har lest de blogginnleggene og det er verdifullt å lese de. For som du sier, vi kommer nok alle til å oppleve folk i sorg og det ER vanskelig å vite hva en skal gjøre.

    SvarSlett
  7. Gode ord! Så skal me hugsa at sorga heng i hop med kjærleiken. Det å bety noko for nokon.

    SvarSlett
  8. Du er ein meister til å setje ord på ting. Det når rett inn i hjartet mitt.

    SvarSlett
  9. Dette var vakkert.
    og viktig.
    Det er som du sier vanskelig å vite hva godt en kan gjøre for noen i sorg..
    Det blir så lett vanskelig.
    Fint at du tar opp slike små ting en kan gjøre..
    klem!

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.