tirsdag 24. mai 2011

nøstet mitt


Bilete henta frå weheartit.com

eg har eit nøste av gode ord
då eg byrja å nøsta
var det lite

alt for lenge fekk orda gli
mellom fingrane
falla

for ho kan ikkje meina det?
han overdriv vel litt?
vil berre trøysta

eg såg i bakken då orda kom
mumla noko og rista
på hovudet

men ein dag fanga eg eitt
tok vare på det
smilte tilbake

og oppdaga at bakom orda
var trygge auge
som meinte

no samlar eg alle mjukt i hendene
kardar dei og spinn
sterk smiletråd

inntil hjartet ber eg eit stort nøste
vaktar det varsamt
mens det veks

ikkje kom med sladdersaksa
eller det glefsande
bygdedyret

eg hiv kniven som skar gamle mønster
for eg treng dette nøstet
av sjølvtillit

lag deg ditt eige nøste då vel?
du kan få dei fyrste orda
hjå meg
Tileigna ikkje berre ei snill mamma, men to! Den eine er riktig nok ikkje mi;) Begge har påpeikt til meg i det siste at det er viktig å ta imot skryt. Ikkje vera flau, men stolt når nokon kjem med positive kommentarar! Eg synest framleis det er vanskeleg, men har no byrja å nøsta litt då...:)

16 meiningar om dette:

  1. Nydelig dikt, det traff meg rett hjertet - der hvor jeg har begynt på et lite nøste. De siste åra har jeg blitt flinkere til å ta i mot komplimenter, men kan fortsatt bli litt flau eller si noe ala "nei, denne gamle greia" eller når jeg får skryt på bloggen for sømarbeidet mitt....men jeg er jo egentlig stolt over å ha lære meg å sy og da er det veldig, veldig hyggelig at andre synes litt det også...selv om jeg er noe ambivalent til å legge ut innlegg som oppmuntrert til sånn ros.

    Ønaker deg en super dag, med voksende nøste.

    SvarSlett
  2. Hei! Så utrolig fint at nettopp DU la inn en kommentar hos meg, slik at jeg fant veien hit! For en fantastisk fin idé å lage dikt for dagen som vi andre kan ta del i. Jeg legger meg til som følger og gleder meg til diktpåfyll (noe det ellers er alt for lite av for tiden, så TAKK til deg for at du bidrar til det!) Beste hilsen Astrid

    SvarSlett
  3. Så nydelig.
    (lurer på hvor ofte jeg har skrevet det..)

    Det traff veldig, og jeg er sikkert ikke alene om den følelsen.
    Du er så flink!
    -ta det til deg!
    :)
    Stort smil fra meg.

    SvarSlett
  4. Tusen takk for gode ord, no veks nøstet:)

    Kjenner meg veldig att i det du seier Elisabeth, godt du er byrja å nøsta litt du også!

    Og Astrid: Så kjekt du likte deg her! Eg òg synest dikt har fått unødvendig "låg status" blant folk flest, kjekt om eg kan bidra til at fleire les dikt!

    Bondekona: Eg smilar tilbake, takk!! ;)

    Var ikkje meininga å fiska etter ros her altså, meir å vidareføra kloke tankar... Veit i alle fall at eg hadde godt å av å høyra dette hjå andre:)

    SvarSlett
  5. Ditta segle opp so eitt av mine absolutte favoritt-Røsslyng-dikt! :)

    Klar for sosialings, klesbretting etc. ein gong i neste veke, sei måndag elle tysdag? Ette d e d mulig at ej vert helle usosial ei tid dersom mine søte små kjem opp i munnleg eksamen i mine fag elle ei...

    SvarSlett
  6. Takktakk:) Ser det står at det vart publisert kvart over tolv i natt, og det vart det vel kanskje, men eg tok det vekk att då og publiserte det på nytt i dag tidleg. Var ganske fornøgd med dette, og syns det passa som dagens i dag! Det får stå til eg kjem på eit askedikt i morgon ein gong;)

    Mandag passar fint, trur eg!

    SvarSlett
  7. nydelig dikt, det der skal jeg ta vare på


    Klem fra meg, som ikke er glad i aska

    SvarSlett
  8. Oj, den satt....Takk!
    Du er ung, men veldig klok :))

    SvarSlett
  9. No vart eg glad og frisk :D takk!

    SvarSlett
  10. Smukt og tankevækkende :-) God dag til dig.

    SvarSlett
  11. ja,ja nå sitter jeg her og griner igjen..

    nøstet mitt var begynt å skrumpe inn.. det er en stund siden jeg har sluppet inn noe tråd.. men du knyter opp en knute med sånne gode ord!!
    tror det minst må være gulltråd du spinner med!!

    vakt nøye nøstet ditt og hold det nær hjertet. må ditt nøste bli stort og skinnende!

    tusen tusen takk!!
    klem m

    SvarSlett
  12. Sjølv tusen takk for fine ord til alle saman! :)

    Shy B: Kanskje klok i tankane, men ganske ung når det gjeld å praktisera det eg tenkjer... ;)

    Anonym: Så godt at dette kunne knyta opp knuten! Ta det til deg og spinn:) Lukke til med nøstet ditt og takk for gode ord og tankar! Klem!

    SvarSlett
  13. Ikkje alltid lett å ta imot ros - ein er redd for at orda blir sagt berre for å sei noko. Men eg trur nok at dei fleste slike roseord er velmeinte og ekte.....for det er nemleg heller ikkje alltid enkelt å GI ros...Så ta til deg og veks:-))

    Klem jannetove

    SvarSlett
  14. For et sterkt dikt. Det traff rett i hjertet. Vakkert:)

    Jeg er så glad for at jeg fant inn til deg:)
    Klem fra Hanne

    SvarSlett
  15. Du har heilt rett Janne Tove, ikkje lett å gje ros heller! Får laga eit om det ein annan gong:)

    Tusen takk for fine ord Hanne!! Likte bloggen din også :)

    SvarSlett
  16. Veldig vakkert og flott dikt! Inspirerende, takk for at du delte det!

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.