torsdag 7. april 2011

Om awardar og slikt, mens de ventar på dikt;)

Eg var kjempeglad då eg fekk ein Stylish-blogger-award av Bondekona, for nokre veker sidan. Og så vart eg like glad då eg fekk ein "I love your blog"-award av artige Akeleiedamen (dagen etterpå faktisk!), og ei stund etter fekk eg òg den der Stylishe igjen frå koselege Kristin (Stort og smått), kjekt! Eg må innrømma at eg har fått store problem med å svara på awarden frå Akeleiedamen, rett og slett fordi mange av spørsmåla handla om mote og sminke og slikt, og ikkje nett om dikt. De som kjenner meg, ler nok allereie...

Og så har eg forstått etter ei tid her i bloggverda at awardar er litt omdiskuterte. Dei er på rundgang, og dei fleste får visst alle både ein og to gongar til slutt. Er det slik å forstå? Nokon har "awardfri" blogg, og vil heller ha kommentarar. Eg tenkjer litt "ja takk begge delar", eg. Som Akeleie-damen skriv, fungerer awarden som eit handtrykk her på verdsveven. Og det fører jo til at fleire bloggarar finn fram til nye bloggar. Problemet kjem vel når ein skal gje alle desse vidare. Kven har fått, kven vil ha, kven bryr seg ikkje, og så vidare.

Eg kjenner at eg må ta eit lite award-standpunkt eg òg, men er litt vanskeleg. Det passar gjerne ikkje til formatet mitt, men har ikkje heilt lyst til å forbigå awardane i stillheit heller. (Blir jo litt stolt!)  Trur eg gjer det slik: Eg takkar fint for awarden i eit innlegg (som dette), lenkjer tilbake til dei eg fekk den av, og i staden for å svara på spørsmål som i grunn seier lite om meg, eller å "prakka" awarden på bloggarar som kanskje er lei av slikt, tipsar eg heller i same slengjen om eit par-tre bloggar som eg likar. Så får det vera opp til dei om dei har lyst på awarden i tillegg til god omtale ;) Så ingen sminketips frå meg i dag, dessverre..  (eller heldigvis)

Men eg trekkjer fram desse ganske nyoppdaga bloggane i dag (og sparar fleire gode til sidan!):

Likar konseptet og framhevinga av det positive i denne bloggen!

Mange fine tankar her, godt å lesa innlegga i denne bloggen!

Ikkje heilt nyoppdaga denne då:) Anne Severine set fine ord på kjensler og opplevingar. I diktform!


Blogglisten

4 meiningar om dette:

  1. Akk, og eg som er innpå bloggen din kvar dag for å leite etter sminketips... Jaja, eit godt dikt får vel heller gjere nytten då:)

    SvarSlett
  2. Altså, beklagar så mykje... Får heller fiksa i hop eit sminkedikt ein dag som trøyst! ;)

    SvarSlett
  3. Oj!! Så koselig å bli omtalt av deg! :-) Jeg hadde også litt kvaler om hva å gjøre med disse awardsa... Bryter litt med konseptet på bloggen min. Er som du stolt av å bli nevnt, men det kan bli litt mye om en skal svare på spørsmål i "hytt og pine", levere videre osv osv, hvis man får mange.
    Jeg takker og bukker for omtalen hos deg i alle fall! Og så legger jeg vel en liten link til deg i margen. Jeg ser jo også at jeg ikke har fått deg inn i leselisten min! Det er en glipp, jeg har jo gått glipp av en hel gjeng med innlegg siden sist jeg var inne!! Det må rettes på:-)
    Ha en finfin dag!

    SvarSlett
  4. Så kjekt at likte omtalen! Syntest du fortente den merksemda:) Og flott om fleire finn bloggen din gjennom meg! Skjønar du må ha blingsa litt med leselista om du manglar meg :P God helg!

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.