torsdag 28. april 2011

Kykeli...ops?


Her ser du ein hanefar
spankulera, glad og kry.
Med hønekoner, fleire par,
han galte stolt mot sky.

Den stakkars fyren ante ei
at faren truga nær.
Han chilla med sin kam på snei
og strekte sine tær.

Men rett der borte, bak ein haug
sat ei han likte før.
Ho gav han mat, og stelte han,
men no sku` det fyka fjør...

For hanefar var avleggs no,
ein utfordrar sto klar
til å slå si haneklo
i damene til "far".

Beklagar, kjære hane staut,
du aldri meir skal vagla,
sa veslesyster før ho skaut
han med si nye hagla!

Bror min Knut skjønar ikkje kvifor eg av og til må skriva slike alvorlege kjensle-føle-tenkje-dikt. Han ville nok helst berre lest slike eller slike. Fordi han er mann? Nja, då kan eg røpa at fyren både strikkar sokkar og bakar horn betre enn meg, og at ein av yndlingsfilmane hans er "Stolthet og fordom" (jodå, han likar jakt og fiske og...). Uansett, dette diktet er til deg Knut, enjoy! Men det er nok fare for at det blir fleire kjensledikt seinare, har jo mest med kva humør eg er i når eg set meg ned for å skriva. Er de forresten einige med Knut eller? ;)

7 kommentarer:

  1. Artig dikt! Jeg er delvis enig med Knut. Det er ikke altid jeg orker å lese kjensle-føle-tenke-diktene. Ikke fordi de ikke er fine, for det er de, men det er ikke alltid jeg er mottakelig for mer enn litt hanesjekkerhønedikt. Men jeg hadde ikke gisdi og lest bloggen hvis det bare var fjasevers heller. Så en balansegang er kanskje fint. Også får vi håpe at din diktform matcher min dagsform flest mulige dager!

    SvarSlett
  2. Så morsomt dikt! Selv om jeg også liker de mer kjensle-føle-tenke-diktene også. Stå på, du er kjempeflink :)

    SvarSlett
  3. Takk for tilbakemeldingar:) Er veldig med på det du seier Silje... Ikkje alltid eg orkar å lese andre sine tenkje-innlegg heller, og blir litt lei mine eigne. Skulle nok vore meir muntre dikt om eg tenkte på lesarane. Men så er jo litt av poenget med bloggen å bearbeida tankar, og skriva ulike tekstar. Satsar på humøret kjem seg litt framover, og fleire artige dikt dukkar opp;)

    SvarSlett
  4. jeg liker veeeldig godt følelse-kjensle-tenke-diktene dine.. (oj, der produserte jeg litt nynorsk!! Men! veit du kva? eg var knallgod i nynorsk på mine yngre dagar..)
    Fint kykyli-dikt! og nå har jeg oppdaget noe..du også er B-menneske, som meg!

    SvarSlett
  5. Flott dikt. Jeg liker veldig godt de som omhandler noe alvorlig, men med en snert og humor.

    SvarSlett
  6. Hmmm...sneik du inn ei lita kontaktannonse der i slutten? Stilig dikt, ser det så levande for meg!

    SvarSlett
  7. ...og der oppdaga eg at du også er B-menneske whitebite;) Er einig med deg Elisabeth. Men er ikkje så lett å få til dei der alvorlege med snert.. Prøver! Og anonym: Jepp, heilt klart! Lov å prøva seg:)

    SvarSlett

Kjekt med kommentarar! Har du ikkje blogg kan du velja alternativet "Anonym" eller "Navn/Nettadresse". Nettadressefeltet kan stå tomt, og så skriv du berre inn navnet ditt. Du må kanskje trykkja "Publiser kommentaren din" to-tre gongar før den vert publisert.