onsdag 8. mai 2013

Fri





 fri

eit ord ein ikkje 
fullt ut               forstår
     eller set                nok pris på
    før ein                har prøvd 
det motsette
Eit aktuelt dikt idag, på frigjeringsdagen! Trur nok ikkje min generasjon heilt veit kor glade me skal vere for akkurat denne dagen. Me er vande til å kunna gå kvar me vil, og seia kva me vil. 

Diktet er ytterlegare aktualisert av historia om dei tre kvinnene som vart sett fri i USA på mandag. På ein måte eit mirakel og ei gladhistorie. På ein annan måte ei historie om ti grufulle år for desse kvinnene. Prøver å ikkje tenkja på kor lange desse åra må ha kjendest, med sannsynlegvis dagleg tortur. 

Det siste som gjer at eg tenkte på dette ordet idag, var at me såg ein del sauar med lam som spratt glade og fornøgde på bakkane. Riktignok innom eit gjerde, men likevel på gras, og i friluft, ute av den mørke floren dei har stått inne i sidan i haust. Lamma har jo ikkje sett sol ein gong, slik mødrene har. Kjekt å sjå! Og biletet er jo av døra inn til lamma, sjølvsagt. 

(Diktet var liksom eit figurdikt men veit ikkje om de skjøna poenget...)

torsdag 18. april 2013

Fjelltankar

att og fram
fram og att
att og fram

dei små vesena
yrer som maurar
med fargerike skal

fram skal dei
alltid
veg sku` dei ha

hakka og sprengde meg
endåtil bora hol 
gjennom meg

verdsmeistrar
liksom
eg ser på dei og ler

ved neste regnskyll
skal eg rista meg litt ekstra
så noko dett ned

då får dei seg nok ein støkk
og kanskje dei skjønar
kven som er sjefen

Bygda mi, Vaksdal, var isolert av steinras på begge sider idag.

Me menneske likar å ha kontroll. Men naturen er vanskeleg å temja! Dei siste dagane har det gått fleire ras i kommunen min. Etter dette raset for halvanna veke sidan, kom bror min som bil nr. to, medan det framleis rauk i fjellsida. Få minutt etter at denne kollossen datt ned i vegbana i går, kom far min køyrande, som bil nr. tre som måtte stogga foran steinen. Då dette raset gjekk i går, hadde ei venninne nett køyrt forbi. Og ei anna kom køyrande rett etterpå, og måtte snu og ta toget heim.  I dag tidleg var bygda mi isolert av ras på begge sider av vegen, etter eit nytt ras i natt. Som faren min sa: om dette er ein konkurranse om å vera den som kjem nærast raset, håpar eg ikkje at eg vinn....

Eg synest i grunn me har fått nok støkkar no. Dei fleste rasa har gått på E16, der det dundrar mykje trafikk gjennom, sidan det er hovudfartsåra mellom Bergen og Voss. Eg tvilar ikkje på at det vil gå fleire ras i tida som kjem. Me må berre be om at det ikkje må skje alvorlege ulykker knytt til rasa, for at det skal bli fortgang i å få gjort noko med rassikring her. Det beste hadde nok vore å bygd mykje av den rasutsatte vegen i tunnell, noko som også er føreslege. Håpar det skjer, og ikkje om så alt for lenge! 

søndag 14. april 2013

Kjærleik, nærleik


kjærleik, nærleik
det er oss

saman har me
kasta loss

uansett kvar 
vegen fører

lette eller
 tunge bører

ber me ei
åleine meir

me er to som
byggjer reir

flettar kjærleg
greiner, strå

mjukt og varmt
til våre små
I går var eg i bryllaupsfest som forlovar til ei god venninne og mannen hennar! Eller, dei gifta seg før jul, samtidig med at jenta deira vart døpt. Men igår vart sjølve festen halden, sidan kyrkjebryllaupet kom overraskande på dei fleste dåpsgjestane! Ein kjekk fest, og eg ynskjer 
brudeparet mange fine år saman :)

I tillegg har foreldra mine 29 års bryllaupsdag idag, så gratulerer til både dei og det forholdvis nybakte ekteparet! Om ti dagar feirar eg og mannen ni års bryllaupsdag, så det lyt jo bli kjærleiksdikt i slike tider... 

(Og tusen takk for alltid fine kommentarar på innlegga mine! Eg les og blir takknemleg, men er for tida ikkje så flink til å svara. Men ein dag.... ;)

søndag 7. april 2013

Mammatankar



om eg kunne spart deg for 
såre tårer, vonde draumar
salte skrubbsår

ville eg gjort det

men eg kan ikkje
det er berre delar
av livet

så i staden klemmer eg deg hardt
syng songar som 
gjer oss varme

og lovar meg sjølv å visa deg 
så snart du er betre
dei gode delane

I haust og heilt fram til vinterferien var det nesten konstant nokon i huset vårt som var sjuke. Det tærer på eit mammahjarte å trøysta igjen og igjen born som har vondt her og der, eller skjelv fordi feberen stig, eller drøymer ilt fordi dei søv dårleg. Det er vondt å vita at det ikkje alltid er så mykje ein kan gjera for at ting skal bli betre nett der og då. Avleiing er eg god på, men det er ikkje alltid nok å sjå på fuglar i hagen om ein har vondt i magen. (Fekk de med dykk rimet?)

Så når ting endeleg stort sett har snudd no, kjenner eg at eg set ekstra pris på latteren og herjinga til borna. Sjølv om det av og til kan eskalera litt fort... Her ein dag hoppa treåringen i sofaen med liv og lyst, og endå eg visste at eg som mor burde ha stoppa det umiddelbart, var det litt artig å sjå på han. Og då skjedde det; minstejenta lo skikkeleg for fyrste gong! Kvar gong han hoppa, skrattlo ho. Sjeldan har vel ei mor oppfordra guten sin til å hoppa i sofaen, men det skjedde mange gongar nett då. Ei kjekk stund der me lo alle saman. 

Slike stunder er gode å hugsa på når vårforkjølingane med påfylgjande feber har dukka opp i desse dagar...

søndag 31. mars 2013

Påsketid

tid for 
å vera 
saman
tid for å leggja ting bak seg
tid for å gå inn i seg sjølv
tid for
å sjå
fram
mot 
lyset
tid for
å takka


For oss kristne er påska ei veldig viktig høgtid. Me markerer at Jesus tok på seg syndene våre, døydde på krossen og stod opp igjen. Enkelt sagt, men garantert ikkje enkelt gjort. Han er oppstanden! Me har mykje å takka for!  

Uansett kva ein trur på, håpar eg dei fleste brukar og har brukt påska til å vera saman med familien og fokusere på familiehygge og kos. Her er familien endeleg samla etter ei påskehelg der mannen tok dei eldste med på hytta, medan eg tok minstejenta med til foreldra mine. Fine dagar for alle, i nydeleg ver! Og godt å komma heim med heile gjengen...

mandag 25. mars 2013

Den beste tida



hast ikkje berre vidare
sjølv om tida med småborn er travel
sa ei eldre dame til meg
med vemod og klokskap i blikket

midt mellom bleieskift, amming
snåttetørk og trassgrining
opplever ein 
Augneblunkane

dei som mange år etter
gjev oss tårer i augene
og mammadunking i hjartet
av sakn og kjærleik

dei harde klemmane
som gjer oss mjuke
dei tillitsfulle spørsmåla
som gjev oss ny innsikt

den trillande latteren
som jagar sinterynkene vekk
dei små hendene som grip
og gjer våre eigne store og trygge

så hast ikkje vidare
sjå og nyt Augneblunkane
for den beste tida 
er no


Tida fyk når ein er mange små og store i huset. Det er mykje som skal gjerast, noko ein gjer mange gongar om dagen, noko ein har planlagt, noko som brått dukkar opp. Men det er viktig å ta eit steg tilbake så ein ikkje går glipp av dei viktige augneblunkane. Dei må nytast der og då! 

Det er lett å avfeia det som eldre menneske seier som sentimentalt prat, og tenkja at dei har gløymd korleis det eigentleg var. Men det er fleire eldre damer som har mint meg på dette i det siste, etter at eg har fortalt kor travelt det er med tre små/halvstore i huset. Ja, det er travelt. Men du er likevel oppe i den beste tida i livet ditt, seier dei. Og eg ser at dei seier det fordi dei veit. 

tirsdag 19. mars 2013

Behov

somme behov er kunstige

me treng ikkje store tv-ar 
 klesskap fulle av moteklede
strigla stover med designmøblar
eller ein diger SUV

andre behov er ekte

me treng sunn mat
regelmessig rørsle 
ein heim med ei seng å sova i
nokon å vera glad i
og nokon som er glad i oss
nett slik me er


Blir litt irritert av og til av at eg føler me burde ha oppdatert kjøkkenet og stova. Altså, me burde nok det. Men når me ikkje har tid eller midlar nett for øyeblikket (i alle fall ikkje til noko storarbeid), bør eg klara å vera fornøgd med det me har. Me har jo det viktigaste! Ein heim og nokon å vera glad i! 

Så kvifor skal media og ukeblad og slikt masa så mykje om kva som er in og flott, så me som ikkje har sjansen til å pussa opp så ofte, føler me heng etter? Eg skjønar at det er ein fin hobby med oppussing og interiør, og at det er kjekt å få det fint rundt seg. Men å bruka mykje pengar på det, igjen og igjen, ser eg ikkje poenget med. Er det meg det er noko gale med då, eller har folk det rett og slett litt for godt? (Ikkje ta dette ille opp interiørbloggarar, berre eit lite hjartesukk...)